Voss Danseskule

Voss Danseskule har over ei periode på snart ti år lært dans til både unge og eldre på Voss og omegn. Vi tilbyr kurs for alle aldersgrupper - frå barnehageborn og oppover. Vi tilbyr dansekurs i hiphop, jazzdans og klassisk ballett med fokus på danseglede og meistring, og gler oss stort over kvart smil og kvart gjennombrot hjå elevane våre. I tillegg til dei faste kursa våre tilbyr vi teknikktrening og utviklingsgruppe for dei mest ivrige elevane våre, og er stolte over å seie at elevene våre har gått vidare til å studere dans på både vidaregåande skule og høgare utdanning etter å ha gått hjå oss.

Faste kurs

  • Klassisk ballett

    Instruktør: Katharina Pudenz

    BALLETT/MODERNE 10+kombinerer klassisk ballett, samtidsdans og fleksibilitet. Elevene lærer grunnprinsipp innan klassisk ballett og samtidsdans (moderne dans) og legger slik eit godt grunnlag for dans og bevegelse generelt. Nivået tilpassast etter beste evne til elevene. Ved stort spenn i nivå vil gruppa bli delt opp dersom det er mange nok påmelde.

  • Danseleik

    Instruktørar: Margrethe Lid og Katharina Pudenz

    DANSELEIK er kurs for barnehage- og førskuleborn. Kurset har fokus på å utvikle grunnleggande motoriske og kreative evner, samt sosiale evner som å lære seg samarbeid og å vente på tur. Vi blir kjent med korleis dansetimen fungerer gjennom eit fokus på leik, dans og song og tar inn bevegelser frå både klassisk ballett, hiphop, jazzdans, folkedans og turn. Ved behov kan ein foresatt følge bornet dei første gongene, men timen er i utgangspunktet kun for bornet. Ellers venter foreldre på gangen. Timen varer 45 minutt.

    Alder:

    4-6 år (fødd i 2017 eller 2018)

  • Barnedans

    Instruktør: Fryd Synnøve Hyrve Kaland

    BARNEDANS fungerer som ein introduksjon til dansens verden for born som er 6-9 år (1. til 4. klasse). Vi lærer ulike trinn frå hiphop, jazzdans, klassisk ballett og moderne dans, samt bruker ringdanser og danseleiker for å utvikle motorikk, musikalitet og rytmeforståing.


  • Hiphop

    HIPHOP TEKNIKK 10+ Her blir det gått gjennom grunnstega i streetdance/hiphop og teknikk. Denne timen passar både for deg som er nybyrjar og ønkjer å lære noko nytt, og for deg som har dansa litt før men ynkjer å bli betre teknisk.

    Vi anbefaler å kombinere timen med Hiphop Koreografi.

    HIPHOP KOREOGRAFI 10+ Denne timen er for dei som vil lære koreografi, bygge sjølvtilliten, og bli tryggare på å uttrykke seg gjennom dans. På denne timen jobber me kun med koreografi. Alle frå 10 år og opp er velkomne på timen (inkludert du som er vaksen!), men på denne timen går me ikkje gjennom nokon teknikk så om du er nybyrjar innan hiphop eller merker at du treng ei oppfrisking anbefaler vi at du tek teknikktimen i tillegg.

    Vi har koreografikurs på måndager som går over 15 veker og koreografikurs på onsdager som går over 5 veker om gangen. Perfekt om ein ønsker å kombinere hiphop med ein sesongbasert fritidsaktivitet eller ønsker å danse meir enn ein dag i veka!

Faste kurs vår 2023

 Måndag
14.55-15.55Ballett/moderne 10+
16.00-16.45Barnedans 6-10 år
17.00-17.45Danseleik 4-6 år
18.00-18.45Hiphop teknikk 10+
19.00-19.45Hiphop koreografi 10+
Semesteret starter i veke 4. Vi følger skuleruta til grunnskulen i Voss herad. Detaljert semesterplan vert sendt ut til påmelde.

Kursavgift

Gratis prøvetime for nye elevar

15 veker med dans

20% familierabatt

10% rabatt frå 2.kurs

15% rabatt frå 3.kurs

Vilkår

Ved å melde deg på kurs hjå Voss Danseskule samtykker du til vilkåra våre. Påmelding er bindande. NB: Ved for få påmeldte kan kurs bli avlyst.

Ved å melde deg på kurs hjå oss stadfester du at du er over 18 år eller at dine foresatte har samtykka til påmeldinga. Dersom eleven er under 18 år, står foresatte ansvarleg for påmeldinga.

Trykk her for å lese fullstendige vilkår
for påmelding til Voss Danseskule
  • 45 minutt over 15 veker 1500 kr
  • 60 minutt over 15 veker 1875 kr
  • Drop-in 200,- per gang (gjeld ikke Danseleik og Barnedans)

Påmelding









Du må velgje eit kurs
Dette kurset er fullt! Du kan framleis melde deg på, men vert satt på venteliste fram til det eventuelt vert ein ledig plass.
Du må skrive inn fullt namn
Du må oppgje fødselsdato (yyyy-mm-dd)
Du må oppgje gyldig adresse
Du må oppgje gyldig postnummer
Du må oppgje gyldig mobilnummer
Du må oppgje ei gyldig e-postadresse
Du må oppgje namn på ein foresatt
Du må oppgje mobilnummeret til ein foresatt
Les Voss Danseskule sin
personvernerklæring
Du må godkjenne dette for å fullføre påmeldinga
Les Voss Danseskule sine
vilkår for påmelding
Du må godkjenne vilkåra for å fullføre påmeldinga

Om oss

Voss Danseskule er eit foretak som har som formål å fremme danseglede på Voss. Constanze Almklov er dagleg leiar og pedagog. Ho er oppvaksen på Voss, og starta VDS i 2010, etter at ho sjølv pendla til Bergen i ungdomsåra for å kunne gå på dansekurs.

Heilt sidan starten har Voss Danseskule hatt fokus på det dansefaglege, tekniske, det kunstnarlege kreative, men ikkje minst på det sosiale! Vi er stolte over å kunne sei at fleire av elevene våre har funnet venner for livet på kurs hjå oss, og vi gler oss over alle som finner dansegleden hjå oss, anten for ei kort stund i livet eller for mange: livet ut.

Vi er opptatt av å sjå det heile mennesket og brenner for å gje unge mennesker høve til meistring og utvikling. Difor tilbyr vi leiarkurs for unge dansere og helgeworkshops med eksterne pedagoger, deltek aktivt i det lokale dansemiljøet, og ikkje minst: nokre av våre eigne elever fungerer som instruktører og assistenter på kursa for dei yngste, med tett oppfølging frå dagleg leiar. Du kan lese meir om team VDS nedanfor!

Team VDS

Constanze Lid Almklov

Eigar

Dagleg leiar. Er oppvaksen på Voss og har drive Voss Danseskule sidan 2010. Fram til og med hausten 2021 underviste ho dei fleste klassene sjølv, men har no gått over til å drive VDS administrativt medan resten av teamet held klassene. Constanze kjem framleis innom for å halde workshops ein gong i blant og er framleis primus motor i kulissene. 

Katharina (Kat) Pudenz

Dagleg leiar og danselærer

Kat underviser i Danseleik, klassisk ballett og moderne dans, og har foruten dette erfaring både som kroppsflyger og som sertifisert Yoga-instruktør. Ho har treårig danseutdanning frå Berlin med hovudfokus på moderne dans og studerer i tillegg idrettsvitenskap. 

Fryd Synnøve Hyrve Kaland

Instruktør

Danseinstruktør på Barnedans, Hiphop teknikk og Hiphop koreografi. Fryd har dansa aktivt sidan 2015 og har erfaring både frå opptredener og konkurranse samt lederkurs for unge dansere i 2019/2020. Sesongen 2022/2023 er ho og dansar i ESC Ungdomskompani. 

Margrethe Lid

Instruktør

Er instruktør på Danseleik, Hiphop teknikk og Hiphop koreografi. Margrethe har dansa aktivt sidan 2014 og har erfaring frå både opptredener, konkurranser, leiarkurs for unge dansere (2019/2020) og som leiar for andre aktiviteter for born. 

Asgeir Lid Almklov

Datagubbe

Ansvarleg for nettsider og påmeldingsløysingar. Dansar mest medan ingen ser på. Gift med Constanze. 

Ofte stilte spørsmål

Eg vil komme på prøvetime! Korleis fungerer det?
Så kjekt! Prøvetime fungerer slik at ein sender inn påmeldingsskjema, så får ein praktisk info tilsendt på mail og møter opp på første kursdag. Om ein etter prøvetimen finner ut at ein ikkje ønsker å fortsette, så melder ein skriftleg ifrå om dette før det har gått ei veke (slik at vi kan tilby plassen til nokon som evt. står på venteliste), og då vert ein sletta frå elevlista og betaler ingenting.

Eg veit ikkje kva nivå eg skal melde meg på! Hjelp?
Om du aldri har dansa før eller du ønsker å prøve ut ein stil som er heilt ny for deg, så start gjerne på begynnernivå. Vi reknar med at nye elever bruker 2 semestre på å meistre innhaldet i desse kursa før ein går vidare til litt øvet nivå. Om du framleis er usikker, så les gjerne kursbeskrivelsen ein ekstra gong, og ta evt. kontakt på +47 452 35 532 så tar vi ei vurdering i lag.

Eg er veldig vaksen. Er eg då for gamal til å vera med på kurs for "ungdom/vaksne"?
Nei! Du er velkommen på kurs uansett alder! På kursa for ungdom/vaksne er ofte alle aldre representerte. Erfaringsmessig blir ein godt kjent med dei andre kursdeltakarane på tvers av alder og generasjoner og vi har det veldig kjekt i lag.

Er prisene per år eller per semester?
Prisene på nettsida gjeld per semester og vert oppdaterte etter semesterets lengde, samt indeksregulert kvar haust.

Korleis betaler eg for kurset?
Det kjem faktura på mail ca 1-2 måneder etter semesterstart. Ved behov kan ein dele fakturaen i fleire deler. Ta kontakt om det er aktuelt! Ein kan dessutan bruke fritidskortet i Voss herad til å delbetale for kurs hjå oss.

Eg/bornet mitt har lyst til å vera med på kurs, men økonomien tillet ikkje det. Finnes det hjelp å få?
Ja! Det finnes fleire støtteordninger som kan vera med på å dekke både kurspris og nødvendig utstyr. Vi hjelper gjerne med å søke! I tillegg har vi på nokre kurs anledning til å tilby gratisplass eller plass til redusert kurspris til dei som treng det men faller utenom andre støtteordninger.
Gjeld det deg eller nokon du kjenner, så ta kontakt!

Har du framleis spørsmål? Ta kontakt på post@vossdanseskule.no eller på +47 452 35 532.