Voss Danseskule

Voss Danseskule har over ei periode på snart ti år lært dans til både unge og eldre på Voss og omegn. Vi tilbyr kurs for alle aldersgrupper - frå barnehageborn og oppover. Vi tilbyr dansekurs i hiphop og jazzdans med fokus på danseglede og meistring, og gler oss stort over kvart smil og kvart gjennombrot hjå elevane våre. I tillegg til dei faste kursa våre tilbyr vi teknikktrening og utviklingsgruppe for dei mest ivrige elevane våre, og er stolte over å seie at elevene våre har gått vidare til å studere dans på både vidaregåande skule og høgare utdanning etter å ha gått hjå oss.

Faste kurs

  • Danseleik

    Danseleik er eit kurs for dei aller yngste dansarane. Kurset har fokus på å utvikle grunnleggande motoriske og kreative evner samt samarbeid og det å bli kjent med korleis dansetimen fungerer gjennom eit fokus på leik, dans og song. Foreldre er velkomne til å sitte i salen første gongen dersom barnet ønsker det.

    Alder: 5-6 år (fødd i 2013 eller 2014)

    Kurset starter i veke 11 og går over ti veker.

  • Barnedans

    BarnedansBarnedans fungerer som ein introduksjon til dansens verden for dei yngste skuleborna. Vi lærer ulike trinn frå hiphop, jazz og moderne, samt bruker ringdanser og danseleiker for å utvikle motorikk, musikalitet og rytmeforståing. Kurset er aldersdelt i to grupper: 1. og 2. klasse, og 3.og 4. klasse.

  • Jazz/HipHop

    For born, ungdom og vaksne frå 5. klasse og oppover har vi kombinerte kurs i Jazzdans og HipHop med innslag av moderne dans. Her vert semesteret delt i to, og vi fokuserer på ein stil omgangen. Klassene er aldersdelte og nivådelte, og vi har følgende nivå:

    • Begynnere: for dei som ikkje har dansa før, eller som har dansa mindre enn eitt år.
    • Litt øvet: for dei som har gått hjå oss i minst eit semester eller har litt erfaring frå før
    • Øvet: for dei som har gåtthjå oss i minst eitt år. OBS: desse kursa er kun for dei som har fått godkjenning av oss til å melde seg på dette nivået. Påmelding utan slik godkjenning er ikkje gyldig.
    • Opent nivå: opent for alle uansett erfaring. Her vil timen verte tilpassa dei som er påmeldt så langt det let seg gjere slik at dei meir erfarne får større utfordringer enn dei som er heilt ferske.

  • Teknikk/Stretch

    Dette kurset er eit tilleggskurs for dei som ønsker å videreutvikle teknikk og fleksibilitet. Kurset er opent for alle frå 5. klasse og oppover.

  • Utviklingsgruppe

    Dette er gruppa for dei som virkelig vil satse. Her vil vi ha fokus på eige uttrykk og bevegelseskvalitet i tillegg til at vi går innom litt andre stiler enn vi gjer på dei faste kursa våre. Gruppa er for alle frå 8. klasse og oppover, men forutsetter at ein går på både Jazz/HipHop og Teknikk/Stretch frå før. Det forventes at deltakere på dette kurset legg inn ein del eigentrening utover sjølve kursa.

Timeplan

Måndag Tysdag Onsdag
15:00 til 16:15 Teknikk/stretch 5. klasse+ Utviklingsgruppe (ungdom) Ungdom øvet
16:20 til 17:05 Barnedans 3. og 4. klasse Danseleik 5-6 år Barnedans 1. og 2. klasse
17:10 til 18:10 5. til 7. klasse litt øvet 5. til 7. klasse begynnere 5. til 7. klasse øvet
18:15 til 19:30 Ungdom opent nivå Ungdom/vaksne begynnere Vaksne opent nivå

Kursavgift

Gratis prøvetime for nye elevar

15% familierabatt

15 veker med dans

Vilkår

Ved å melde deg på kurs hjå Voss Danseskule samtykker du til vilkåra våre. Påmelding er bindande. NB: Ved for få påmeldte kan kurs bli avlyst.

Ved å melde deg på kurs hjå oss stadfester du at du er over 18 år eller at dine foresatte har samtykka til påmeldinga. Dersom eleven er under 18 år, står foresatte ansvarleg for påmeldinga.

  • Danseleik 1000 kr
  • Barnedans 1500 kr
  • 5. til 7.klasse 1750 kr
  • Ungdom/Vaksne 2000 kr/200 kr per drop in
  • Teknikk/Stretch 1500 kr
  • Utviklingsgruppe 1500 kr

Påmelding

Du må velgje eit kurs
Dette kurset er fullt! Du kan framleis melde deg på, men vert satt på venteliste fram til det eventuelt vert ein ledig plass.
Du må skrive inn fullt namn
Du må oppgje fødselsdato (yyyy-mm-dd)
Du må oppgje gyldig adresse
Du må oppgje gyldig postnummer
Du må oppgje gyldig mobilnummer
Du må oppgje ei gyldig e-postadresse
Du må oppgje namn på ein foresatt
Du må oppgje mobilnummeret til ein foresatt
Du må godkjenne dette for å fullføre påmeldinga
Du må godkjenne vilkåra for å fullføre påmeldinga

Om oss

Voss Danseskule er eit foretak som har som formmål å fremme danseglede på Voss. Constanze Almklov er dagleg leiar og pedagog. Ho er oppvaksen på Voss, og har drevet Voss Danseskule sidan 2010, og er medlem i Norske Dansekunstnere. Med danseerfaring frå Bergen Dansesenter og Bårdar Akademiet i Bergen, har ho også tidlegare vore koreograf for Voss Dansekompani, samt dansar, koreograf og kunstnerisk leiar for studentkompaniet Terpsichore Dansekompani i Bergen. I tillegg til Voss Danseskule jobbar ho frilans med koreografi og undervising i distrikta.